Håp i Havet – bad og velvære

Bad og velvære med utsikt mot storhavet

Håp i Havet – bad og velvære er meir enn berre eit badeanlegg – det er ein stad for ro, fornying og ei utsikt som tek pusten frå deg. Her kan du senkje deg ned i det varme vatnet medan sola går ned i havet, eller kjenne naturkreftene rase utanfor når stormen herjar.

Anlegget byr på symjebasseng, massasjestasjon, barnebasseng med boblebenk og straumkanal, i tillegg til badstove, dampbad, solarium og treningsrom. Alt ligg til rette for ei stund med velvære, energi og nærvær – midt i havgapet. Opent kvar dag for medlemmar og hotellgjester ved Finnøy Bryggehotellets .

 

Opningstider

Opent kvar dag kl. 10.00–22.00

Når anlegget er ubemanna, kan nøkkel kjøpast i resepsjonen på Finnøy Bryggehotell.

Bemanna opningstid (kiosk og vassklie):
Torsdag–søndag kl. 11.00–16.00

I bemanna opningstid kjøper du billett i luka ved Håp i Havet. Då er vassklia open, og kiosken sel is, brus, pølser, vaflar og kaffi.

Vi sel òg badetøy.

Det er inngangsbillett for alle som besøker Håp i Havet. Dette gjeld også for deg som ikkje skal bade. Billetten gir tilgang til heile anlegget, og bidreg til å dekkje drift, reinhald og vedlikehald av fasilitetane.

 

Priser

FASILITETER

Svømmebasseng 8,5 x 12,5 meter
Barnebasseng
Steambad
Sauna
Sklie
Kiosk

Trimrom
Solarium
Store gode garderober
Låsbare skap

Få meter fra Finnøy Bryggehotell
Like ved fergekai
Like ved Finnøy Gjestehavn